Novelle av Kari Sveen
Inga beundra alle magre folk, for dei hadde karakter. Når dei togg, rulla musklane over kjevane deira i medvitne hogg. Det lyste innsats og energi av dei. Dei trong ikkje pukke på at dei var svoltne, alle kunne sjå det, og dei hadde lov til å vere det, og alle unte dei mat. Inga misunte magre folk.
Når ho stod framfor spegelen, pressa ho hovudet ned mot skuldrene så haka sokk inn i ein bleik rull av feitt. Det var ikkje mykje vakkert. Ho gjorde det for å setje seg inn i kor uappetittleg andre måtte tykkje ho var. Ho såg ut som eit ottelaust barn med det runde, blåøygde andletet sitt. Ho måtte få meir å ottast for! Ho rynka bryna og prøvde å sjå alvorleg og tankefull ut. Med ein handspegel kunne ho sjå seg sjølv i profil og fann ut at ho med ein viss måte å svelgje på kunne stramme opp dobbelthaka slik at ho verka ein tanke bestemt og karakterfast. Frå sida.
Vakre og djupe kvinner hadde og tydeleg markerte kinnbein som boga andletet i skjønne ovalar. Ho saug kinna inn i munnen og såg med sorg på den snurpete flyndresnuten sin. Tennene i munnen tok for mykje plass. Då ho hadde måtta trekkje visdomstennene, vona ho at kinna ville søkke inn og kinnbeina tre fram. Slik gjekk det ikkje. Ikkje ein gong med godvilje og nøye granskingar frå alle skrå vinklar var ho i stand til å innbille seg at ho kunne sjå noka endring.
feitt02.mp3
Ho såg seg ikkje råd for anna enn å la håret vekse og la det falle utover panna (den var ikkje for feit, men for brei) og utover kinna slik at det tok av for det verste. Men ettersom ho leid av tynt hår, måtte ho kjøpe spesialsjampoar som garanterte stimulering av hovudbotnen og gav kraftigare og meir glansfullt hår etter tolv veker. Då kuren var omme - og sommaren over og ho ikkje hadde kunna vise seg for særleg andre enn sysken, foreldre og grannar, og det berre i nødsfall - verka håret tynnare enn nokon gong, ettersom den hyppige hårvaskinga gjorde det feitt og stripete. Trist til sinns måtte ho gje opp vona og krype til krossen og ta fram att sunlightsåpa, og ho fekk att det flisete og flurete og uttørka håret sitt. Men alt var betre enn feitt. Og ho som kunne ete smør med teskei når ho gjorde lekser.
Ho lengta etter den tida ho hadde vore undervektig, og helsesøster hadde sendt med melding heim om at ho måtte ete meir. Og ho angra på at ho aldri hadde tenkt over kor godt ho hadde det den gongen ho var skikkeleg mager som andre folk. Men ho hadde jo berre vore ein dritunge og altfor lite vaksen til å skjøne slikt.
feitt03.mp3
Den tida hadde ho også hatt ein kjærast. Han sende brev til henne i posten og skreiv: Eg elskar deg som ein hund. I same brevet hadde han lagt ei pressa, daud, rustraud rose. Han hadde også i fullt alvor spurt om ho ikkje ville gifte seg med han, og då ho hadde svara at ho ikkje var sikker, vart det slutt mellom dei. Det var på skoleturen til Bergen. Dei hadde stått bak restauranten oppe på Fløyen og klemt kvarandre og kyssa. Så hadde han berre gått. No kunne ho angre seg. Ho kom til å vagge rundt som ei ku resten av livet, med tung kropp og stutte bein og store auge. (...)
Ho sette seg på sykkelen med heile sitt vanskelege og tunge liv og tråkka byen rundt så ho såg ut som ein dampande raud grisunge då ho kom heim dirrande i knea og utsvolten, og med godt samvit sette ho til livs kaloridagsbehovet på I 800 for kvinner utan kroppsleg arbeid, på eitt måltid. Før ho la seg, tok ho tjue beinhevingar frå rygg- liggjande. Med ho låg der på golvet, kom ho til å tenkje på at også forelskingar verka avmagrande. Men for å fa ein kjærast, måtte ein jo vere slank på førehand. I svart humør la ho seg med den einsame vona at ho ein stad i verda måtte finne ein gut som kunne få seg til å like jenter med fleskerompe og storleik fireogførti, og at ho måtte få litt vilje i livet. Det blei lettare då. Ho og. (Utdrag)
Tegning: K. Kristiansen
Fra og med 11. september 2017 vil innlogging til Min vei-ressursene skje via Fagbokforlagets e-portal.
Logg inn Log in using e-portal