DEMO Modul 2: Dronning Ragnhilds draum

 

ragnhilds_draum00.mp3

h-svarte.jpg

ragnhilds_draum01.mp3
På 800-talet var det mange småkongar rundt om i landet. Dei kriga mot kvarandre og forsøkte å få større og større landområde å styre over. Ein av dei mektigaste kongane var Halvdan Svarte. Han var gift med Ragnhild. Ei natt hadde ho ein draum som du kan lese om her. På denne tida trudde folk på draumane, og dei hadde eigne folk til å tyde dei.

ragnhild.jpg ragnhilds_draum02.mp3
Dronning Ragnhild drøymde store draumar. Ho var ei klok kvinne. Ein gong drøymde ho at ho stod i hagen sin og tok ein torn or serken; og medan bo heldt i tornen, voks han til ein stor tein, så den eine enden nådde ned i bakken og slo rot med det same og den andre enden av treet nådde høgt opp i lufta. Deretter syntest ho treet var så stort at ho snautt kunne sjå til topps på det, og det var svært tjukt. Nedste delen av treet var raud som blod, og leggen oppetter var fager og grøn; men greinene var snøkvite. Greinene på treet var så store at ho syntest dei breidde seg ut over heile Noreg og enda lenger.

 

 

Illustrasjon: Erik Werenskiold

Logg inn via eportal
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies