No read access to 5e4a00d7-9e96-468b-9823-3b15bf0ecfe3

DEMO Modul 1: Bonden og kråka

Norsk folkevise

09 Bonden og kråka

bonden_01.mp3
kraake.jpg Mannen, han gjekk seg i vedaskog,
heifara, i vedaskog.
Då sat det ei kråke i lunden og gol.
Heifara. Falturilturaltura.

Mannen, han tenkte med sjølve seg,
heifara, med sjølve seg:
Å tru no den kråka vil drepa meg?
Heifara. Falturilturaltura.

bonden_02.mp3
Og mannen, han spente sin boge for kne,
heifara, sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.
Heifara. Falturilturaltura.

spente han føre dei folane tolv,
heifara, dei folane tolv.
Då køyrde han kråka på låvegolv.
Heifara. Falturilturaltura.

bonden_03.mp3
Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
heifara, tolv par skor.
Det beste paret det gav han til mor.
Heifara. Falturilturaltura.

kraka-3.jpg Og kjøtet, det salta'n i tynner og fat,
heifara, i tynner og fat.
Og tunga den hadde'n til jolemat.
Heifara. Falturilturaltura.

bonden_04.mp3
Av tarmane gjorde han tolv par reip,
heifara, tolv par reip.
Og klørne dei brukte'n til møkkagreip.
Heifara. Falturilturaltura.

Av augo så gjorde han stoveglas,
heifara, stoveglas.
Og nakken den sette'n på kyrkja til stas.
Heifara. Falturilturaltura.

bonden_05.mp3
Og den som 'kje kråka kan nytta så,
heifara, kan nytta så,
han var ikkje verd 'e ei kråke å få.
Heifara. Falturilturaltura.

Tegning: K. Kristiansen

Ta gjerne også en titt på denne animasjonen fra gruppen Tempest.

 

utskrift.jpg Utskriftversjon med ordliste
Logg inn
© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern